kyrkje i Lyngen kommune From Wikipedia, the free encyclopedia
Lyngen kyrkje er ei krosskyrkje i Lyngen kommune i Troms.
Lyngen kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: Steinar Sneås Skauge | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Troms | ||
Kommune | Lyngen | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Nord-Hålogaland | ||
Prosti | Nord-Troms | ||
Sokn | Lyngen | ||
Fellesråd | Lyngen | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 1782 (men teken i bruk tidlegare) | ||
• Endringar | Rest. 1846 | ||
Klokker | 3: O. Olsen & Søn (1978) + to eldre | ||
Kyrkjegard | Ja | ||
Preikestol | 1846 | ||
Døypefont | Ragnar Tunes (1952) | ||
Altartavle | Ezekhiel (1752) | ||
Orgel | Vestlandske (1968) | ||
Sitjeplassar | 310 | ||
Lyngen kyrkje 69.5755°N 20.2168°E | |||
Wikimedia Commons: Lyngen kirke | |||
Det første gudshuset i Lyngen vart bygd på Karnes i 1731, men flytta til Lyngseidet i 1740. Det var tre årsaker til flyttinga. Det var lettare for presten frå Karlsøy å kome til Lyngseidet, samane i Ullsfjord ville få lettare veg til kyrkja, og på Karnes var det mangel på vatn og ved. I 1770-åra vart det bygd ei ny kyrkje som kosta om lag 230 riksdalar. Det gamle kyrkjebygget vart seld for 16 riksdalar.
Fyrst i 1840–1846 fekk kyrkja den utsjånaden ho har i dag. Ein tysk arkitekt ved namn Lydke kom med teikningar for den omfattande ombygginga. Det gamle tårnet frå 1775 som stod midt på kyrkja, vart rive ned, og eit nytt tårnhus med våpenhus, loft, klokketårn og spir vart bygd i den nygotiske stilen. Kyrkjebygget fekk i tillegg fleire sitjeplassar ved at det vart bygd galleri i to høgder. Kyrkja har i dag 310 sitjeplassar. Grunnmuren er frå då krosskyrkja vart påbyrja i 1770, og det tilbygde sakristiet og tårnhuset har fått same type grunnmur som resten av bygningen. Under krigen nytta tyskarane kyrkja som stall. I dag er kyrkja restaurert og er del av eit lite sentrumsmiljø med ein del eldre trehus på Lyngseidet. I 1951 vart eit dåpshus bygd like ved kyrkja. Dåpshuset skulle vere eit varmt venterom for born som skulle døypast. No vert dåpshuset nytta som kontor.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.