From Wikipedia, the free encyclopedia
Luton Shelton (fødd 11. november 1985) er ein fotballspelar frå Jamaica som spelar spiss for Vålerenga Fotball, etter eit opphald i Sheffield United. Våren 2009 var han leigd ut til den danske klubben Aaalborg BK, etter at opphaldet i Vålerenga ikkje blei heilt vellukka. Shelton blir rekna som ein særleg rask spelar.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødd | 11. november 1985 | ||
Fødestad | Kingston på Jamaica | ||
Død | 22. januar 2021 | ||
Dødsstad | Kingston på Jamaica | ||
Høgd | 183 cm | ||
Posisjon | Angrepsspelar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Vålerenga Fotball | ||
Nummer | 21 | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
2004–06 2006–07 2007–2008 2008- 2009– |
Harbour View Helsingborg Sheffield United Vålerenga Aalborg (lån) |
- (-) 28 (17) 28 (1) 11 (2) 2 (1) | |
Landslag | |||
2005– | Jamaica | 42 (27) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 7. mars 2009 ‡ Landslagsmål oppdatert 7. mars 2009 |
Shelton starta karrieren sin i den jamaicanske klubben Harbour View FC og fekk sine første landskampar for Jamaica, før han skreiv kontrakt med svenske Helsingborgs IF. Her fekk han til eit vidgjete samarbeid med Henrik Larsson i angrepsrekka, som resulterte i fleire mål og heldt Olivier Karekezi ute av startoppstillinga i lange periodar. Spelet til Shelton gjorde blant anna at fleire engelske klubbar blei interessert i han, og i januar 2007 skreiv han under for Sheffield United med ein overgangssum på 27,5 millionar SEK[1].
I Sheffield fekk han ligadebuten frå start mot Manchester United på Old Trafford i april 2007.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.