Lussekatt
From Wikipedia, the free encyclopedia
Lussekatt er eit gulfarga bakverk som er knytt til advent, luciadagen og jul. Dei er ein type gjærbakst med kveitemjøl som ofte vert farge- og smaksette med safran.[1] Ofte vert lussekattar forma som ein S og pynta med rosiner og perlesukker. Ein kan også baka to S-ar saman side om side eller i kross. Skikken med å bake lussekattar oppstod i Sverige, der dei har ein sterk tradisjon for å feire luciadagen. Han har sidan vandra inn til Noreg.
Andre namn på bakverket er lussebulle, lussekuse, saffransbulle, saffranskuse, julkuse og tidlegare også dövelskatt eller dyvelkatt.[2][3] Bakverket stammar truleg frå Nederlanda og Nord-Tyskland, der det finst eit søtt julebrød av kveite som heiter duivekater. Dette vart truleg eksportert til Göteborg på 1600-talet. Ifølgje Nordiska museet vart dette namnet truleg forsvenska til dyvelskatter og djävulskatter. Etterkvart som dei vart knytte til luciadagen fekk dei så namnet lussekattar.[4] Det vart vanleg å nytta safran i deigen seint på 1800-talet.[5] I Göteborg har det likevel vore vanleg å laga dei utan safran.[1]