Lund + Slaatto Arkitekter
norsk arkitektfirma / From Wikipedia, the free encyclopedia
Lund + Slaatto Arkitekter AS (Lund & Slaatto) er eit norsk arkitektfirma skipa i 1958 av Kjell Lund og Nils Slaatto.[1] Samarbeidet mellom Lund og Slaatto varte heilt til 1995, men Lund + Slaatto Arkitekter, som blei skipa i 1987, fører kontinuiteten vidare frå det opphavlege selskapet.[1]
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/0/0f/ChateauNeufOslo.jpg/640px-ChateauNeufOslo.jpg)
Lund + Slaatto Arkitekter står bak ei lang rekkje prestisjetunge prosjekt og har vunne fleire norske og internasjonale arkitekturprisar. Kontoret har mellom anna motteke Houens fonds diplom for fem av sine prosjekt;[2] St. Hallvard kyrkje og kloster i 1975, Det Norske Veritas på Høvik i 1988, St. Magnus kyrkje på Lillestrøm i 1991, Sølvberget, Stavanger kulturhus i 1994 og VG-huset, Akersgata 55 i Oslo i 2000. Alt i 1958 fekk Lund & Slaatto Betongtavlen for Asker rådhus. Dei fekk også Betongtavlen i 2006 for den nye Svinesundsbrua.[3]
Av andre store verk kan ein nemne Chateau Neuf frå 1977 og vernebygget i glas til Domkyrkjeruinane på Hamar. Prosjektet fekk Norsk Stålkonstruksjonspris for 1999.[4]