From Wikipedia, the free encyclopedia
Det Norske Studentersamfund vart stifta 2. oktober 1813 i Christiania og er den eldste studentorganisasjonen i Noreg.
Det Norske Studentersamfund | |||
Type | forening/lag/innretning | ||
---|---|---|---|
Org.nummer | 945696923 | ||
Skipa | 1813 | ||
Hovudkontor | Chateau Neuf | ||
Motto | Disciplina Pneumatica et Spiritus Fraternitatis | ||
Nettstad | https://studentersamfundet.no/ |
Opphavleg var Det Norske Studentersamfund ein lukka litterær klubb. I 1820 vart det opna for alle akademikarar som ville melde seg inn, og det vart dermed også ein organisasjon for å representere desse. I dei følgjande åra var Samfundet ein viktig arena i samfunnslivet, blant anna bidrog det vesentleg til å etablere 17. mai som nasjonal høgtidsdag.
Sidan vart den politiske aktiviteten tona ned, men han tok seg opp att då Bjørnstjerne Bjørnson vart leiar i 1870. På 1970-talet var styrevala i studentsamfunnet ein arena for kamp mellom kommunistiske og konservative studentpolitikarar.
Studentersamfundets orden, «Hans Majestet Den Gyldne Gris Orden», vart stifta 1859 for å utmerke personar som har gjort seg fortente. Opptak til ordenen skjer kvart fjerde år.
I 1861 fekk samfunnet sin første eigne bygning, oppført ved hjelp av frivillige bidrag. Sidan 1971 har samfunnet drive kulturhuset Chateau Neuf.
Studentersamfunnet er i dag ein organisasjon som rettar seg både mot studentane ved Universitetet i Oslo og mot studentar ved andre lærerstader i Oslo.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.