Luminescens er lysstråling som er skapt av andre prosessar enn varmestråling, men i staden ofte opptrer ved låge temperaturar. Døme er fluorescens, bioluminescens og fosforescens. Fenomenet kan mellom anna skje ved hjelp av kjemiske eller biokjemiske endringar, elektrisk energi, eller reaksjonar i krystallar.

Thumb
Luminol og hemoglobin, eit døme på kjemiluminescens.

Ved luminescens blir atoma eller molekyla i eit stoff ved einkvan ytre påverknad eksitert til særskilde energinivå, og sender så ut stråling i form av lys som svarar til overgangar frå desse nivåa. Den spektrale samansetnaden av slikt lys blir annleis enn av lyset som blir sendt ut ved varmestråling. Samansetnaden varierer òg frå stoff til stoff.

Typar luminescens

  • Kjemiluminescens, som følgje av ein kjemisk reaksjon
    • Bioluminescens, utstråling som følgje av ein biokjemisk reaksjon av ein levande organisme
    • Elektrokjemiluminescens, som følgje av ein elektrokjemisk reaksjon
  • Krystalloluminescens, produsert ved krystallisering
  • Elektroluminescens, som følgje av ein elektrisk straum som går gjennom eit stoff
    • Katodeluminescens, som følgje av at eit luminescent stoff vert treft av elektron
  • Mekanoluminescens, som følgje av mekanisk prosess på eit fast stoff
    • Triboluminescens, skapt når banda i eit stoff vert broten når stoffet vert skrapt, knust eller gnidd
    • Fraktoluminescens, skapt når banda i somme krystallar brist
    • Piezoluminescens, skapt når det vert utøvd trykk på somme stoff[1]
  • Fotoluminescens, som følgje av absorpsjon av foton
    • Fluorescens, fotoluminescens som følgje av ein enkel–enkel elektronisk relaksasjon (typisk levetid: nanosekund)
    • Fosforescens, fotoluminescens som følgje av ein trippel–enkel elektronisk relaksasjon (typisk levetid: millisekund til timar)
  • Radioluminescens, som følgje av bombardement av ionisert stråling
  • Sonoluminescens, som følgje av imploderte bobler i ei væske når dei vert eksitert av lyd
  • Termoluminescens, gjenutstråling av absorbert lys når eit stoff vert oppvarma

Bruksområde

  • lysdiode (LED) sender ut lys ved hjelp av elektroluminescens
  • Fosfor sender ut lys når det vert bestrålt av elektromagnetisk stråling eller partikkelstråling av høg energi.
  • Fosfortermometri, måling av temperatur ved hjelp av fosforescens.

Kjelder

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.