From Wikipedia, the free encyclopedia
Louisiana State University er eit statseigd universitet grunnlagt 1860 som landbruksvitskapleg og mekanisk høgskule i Baton Rouge (LSUAMC) i Louisiana, ved Mississippielva. Universitetet har òg ytterlegare to campusar i New Orleans (LSUHSC) og Shreveport (LSUS), begge i Louisiana. Under Orkanen Katrina vart delar av studia i New Orleans mellombels flytta til campus i Baton Rouge, men desse vart tilbakeført i 2007.
I tillegg er University of New Orleans eit sjølvstendig universitet knytt til LSU (Louisiana State University System). Det er òg college for lågare grads studiar i Alexandria og Eunice.
Grunnleggingssår, studenttal, mengd vitskapleg tilsette og årlege skolepengar for studentar frå Louisiana ved dei tre lærestadene under LSU er (2006):
Undervisinga blir gjeve opp til doktorgradsnivå i Baton Rouge og New Orleans, medan campusen i Shrevetport berre har bachelor- og masterprogram. Collega i Alexandria og Eunice er berre toårige, sistnemnde eit community college.
Biblioteka i Baton Rouge har nesten tre millionar titlar.[1]
LSUHSC i New Orleans har òg to undervisningssjukehus knytt til seg.
Det blir gjeve undervising i eit breitt knippe av fagretningar. Collega og skulane ved LSU er:
Baton Rouge
New Orleans
Shreveport
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.