Loser
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Loser er eit fjell i Ausseerland i Austerrike, som strekkjer seg opp til 1 838 meter over havet.
Loser | |||
fjell | |||
Land | Austerrike | ||
---|---|---|---|
Region | Steiermark | ||
Fjellkjede | Totes Gebirge | ||
Høgd | 1 838 moh. | ||
Primærfaktor | 408 m | ||
Koordinatar | 47°40′0″N 13°46′0″E | ||
Lettast tilkomst | Loser Restaurant - Augstsee | ||
Loser 47.660833333333°N 13.771111111111°E | |||
| |||
Wikimedia Commons: Loser (Totes Gebirge) | |||
Fjellet er eit markant landemerke i Ausseerland. Dei lokale innbyggjarane kallar det òg for Ausseer Ohrwaschl (Aussee-øyret) på grunn av forma. Ein kan nå toppen med å køyre bil via ein bomveg på ni kilometer. På 1 600 m ligg Loser Restaurant, og frå her kan ein gå forskjellige turar. Innsjøen Augstsee ligg like ved restauranten og er eit mål for mange turgåarar. Frå her kan ein nå toppen ved å gå forbi Loser-Fenster (Loser-vindauget), ein naturleg port i fjellet. Eit av dei viktigaste skisentera i Ausseerland ligg på Loser, og strekkjer seg om lag 1 000 m oppover.
Det største solkraftverket i Alpane ligg på sørsida av Loser i 1 600 meter høgd. Den reine lufta, mangelen på tåke, og refleksjonen frå snøen om vinteren skapar gode forhold for å omforme sollys til elektrisitet. Loserkraftverket vart bygd på slutten av 1980-talet og består av 598 solmodular som dekkjer eit område på 263 kvadratmeter. Tre generatorar produserer om lag 30 kilowatt under optimale forhold, som går ut på straumnettet via ein kraftvekselrettar.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.