Logogram
From Wikipedia, the free encyclopedia
Logogram (av logo- og -gram) er skriftteikn som gjev att heie ord eller morfem (ei eining med tyding i eit språk). Skriftsystem med logogram er til dømes egyptiske hieroglyfar og kinesisk skrift.[1]
Andre typar skriftsystem er til dømes alfabet og abjadar, der kvart symbol (bokstav) først og fremst står for ein lyd eller ein lydkombinasjon. Slike system kan likevel også innehalda logoram, som ampersand (&), tal (som 1 og 100), matematiske symbol (som + og -) eller valutasymbol (som $ og €).