![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/a/ab/Liepaja_Lake.jpg/640px-Liepaja_Lake.jpg&w=640&q=50)
Liepājasjøen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Liepājasjøen (latvisk Liepājas ezers) er den femte største innsjøen i Latvia. Han ligg ved Liepāja i Liepāja fylke. Innsjøen har eit areal på 37,15 km² ei lengd på 16 km, men er ikkje meir enn 2 meter djup.
Kjappe fakta Land, Tilsig ...
Liepājasjøen | |||
innsjø | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Tilsig | Bārta, Ālande, Otaņķe | ||
Høgd over havet | 0-2 moh. | ||
Lengd | 16,2 km | ||
Areal | 37,15 km² | ||
Middeldjupn | 2,0 m | ||
Største djupn | 3,0 m | ||
Kystlengd1 | 44,6 km | ||
Koordinatar | 56°29′N 21°03′E | ||
Øyar | 13 | ||
Byar | Liepāja | ||
![]() Liepājasjøen 56.466666666667°N 21.066666666667°E / 56.466666666667; 21.066666666667 | |||
Wikimedia Commons: Liepājas ezers | |||
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. | |||
Lukk
Liepājasjøen er ein grunn, eutrofisk kystinnsjø der store område av han er dekte av vegetasjon. Rundt innsjøen ligg oversvømde enger og dyrkande mark. Påler og demningar ligg rundt det meste av våtmarksområdet. Ein finn fjorten fiskeartar i innsjøen - gjedde, mort, åbor, brasme, karuss, suter, ål, vimba, lake, karpe, gjørs, nors, skredderkarpe og sørv. Fiske er berre lovleg i mai. Frå 1977 til 1999 var innsjøen eit fuglereservat med to fugleartar – svane og and.