![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/2/26/Liberty_ship_transport_SS_Carlos_Carrillo_off_San_Francisco%252C_California%252C_circa_1945-46.jpg/640px-Liberty_ship_transport_SS_Carlos_Carrillo_off_San_Francisco%252C_California%252C_circa_1945-46.jpg&w=640&q=50)
Libertyskip
From Wikipedia, the free encyclopedia
Libertyskip var stykkgodsskip som vart masseprodusert i USA under andre verdskrigen. Dei var rimelege og tok kort tid å byggja (rekorden var fem dagar[1]), og vart eit symbol på den industrielle kapasiteten til USA. Skipa var basert på ein skipstype bestilt av Storbritannia for å erstatta krigsforlis, og vart produserte i store mengder. Seksten amerikanske skipsverft bygde 2 751 libertyskip mellom 1941 og 1945 – den største mengda serieproduserte handelsfartøy nokosinne.[treng kjelde]
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/2/26/Liberty_ship_transport_SS_Carlos_Carrillo_off_San_Francisco%2C_California%2C_circa_1945-46.jpg/640px-Liberty_ship_transport_SS_Carlos_Carrillo_off_San_Francisco%2C_California%2C_circa_1945-46.jpg)
Libertyskipa vog opp for skipstapa dei allierte hadde hatt under slaget om Atlanterhavet og var viktige for den allierte krigsinnsatsen. At mange av libertyskipa var i drift lengje etter den angjevne levetida på fem år gjev òg eit vitnesbyrd om ein solid konstruksjon.[treng kjelde]