From Wikipedia, the free encyclopedia
Levi Henriksen (fødd 15. mai 1964 i Kongsvinger)[1] er ein norsk forfattar, musikar og tidlegare journalist. Han har gitt ut novellesamlingar og roman på forlaget Gyldendal Norsk Forlag, samt essaysamling, antologi og andre bøker på sitt eige forlag, Magerdal forlag.
Levi Henriksen | |
Nasjonalitet | Norsk |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 15. mai 1964 (60 år) Kongsvinger |
Yrke | musikar, manusforfattar, journalist |
Periode | 1999- |
Religion | kristendom |
Debut | Lille Norge i store Alaska |
Henriksen er kjent for å legga handlinga i verka sine til den oppdikta bygda Skogli, der han skildrar livet til bygdefolket på godt og vondt. Bygda er basert på den verkelege bygda Granli, som ligg nokre kilometer utanfor Kongsvinger i Hedmark fylke.
På sitt eige forlag har han mellom anna gjeve ut antologien Mannen som ikke var fra Kongsvinger, ei hyllest til Kongsvinger då heimbyen hadde 150-årsjubileum i 2004. Tittelen er henta frå ei novelle av Aksel Sandemose frå 1954, som opnar antologien. Forfattarar som Vidar Kvalshaug, Håkon Ohlgren, Heidi Linde, Bengt Berg og Alf Kvasbø medverkar òg.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.