Leinster
From Wikipedia, the free encyclopedia
Leinster (irsk Laighin eller Laigin) er ein av dei fire provinsane på Irland, og utgjer den austlege delen av øya. Det består av grevskapa Carlow, Dublin, Kildare, Kilkenny, Laois, Longford, Louth, Meath, Offaly, Westmeath, Wexford og Wicklow. Leinster har flest innbyggjarar av dei fire provinsane. Det tradisjoneelle flagget til Leinster viser ei gullharpe på ein grøn bakgrunn.
Kjappe fakta Land, Del av ...
Leinster | |||
Cúige Laighean | |||
|
|||
Land | Irland | ||
---|---|---|---|
Del av | Irland | ||
Areal | 19 774 km² | ||
Folketal | 2 292 939 (2006) | ||
Folketettleik | 116 / km² | ||
Leinster 53.347777777778°N 6.2597222222222°W / 53.347777777778; -6.2597222222222 | |||
| |||
Wikimedia Commons: Leinster | |||
Lukk
Opphavleg var det fem provinsar i Irland, men den minste provinsen Meath vart ein del av Leinster.
Skipet «Leinster» forliste i Dublin Bay i 1918 og 501 personar omkom. Skipet sitt anker ligg i dag på kaia i Dun Laoghaire.