County Meath
From Wikipedia, the free encyclopedia
County Meath (irsk Contae na Mí, «midten») er eit grevskap i Republikken Irland aust på Irland i provinsen Leinster. Det vert òg kalla The Royal County, men dette har aldri vore eit offisielt namn. Administrasjonsbyen er Navan, men enkelte offentlege kontor ligg òg i Trim, som er ein historisk viktig by.
County Meath | |||
Contae na Mí | |||
|
|||
Land | Irland | ||
---|---|---|---|
Del av | Irland | ||
Hovudstad | Navan | ||
Areal | 2 342 km² | ||
Folketal | 162 831 (2006) | ||
Folketettleik | 70 / km² | ||
Provins | Leinster | ||
Bilnummer | MG | ||
County Meath 53.666666666667°N 6.6666666666667°W / 53.666666666667; -6.6666666666667 | |||
| |||
Wikimedia Commons: County Meath | |||
Nettstad: www.meath.ie | |||
County Meath grensar til Louth, Monaghan og Cavan i nord, Westmeath i vest, Kildare i sør og Dublin i aust. I tillegg har Meath kystlinje mot Irskesjøen.
I nyare tid har det vore ei forflytting av folkesetnaden i Meath, slik at dei nordlege og vestlege delane har opplevt utflytting, medan det i den austlege delen har kome mange innflyttarar, dei fleste frå Dublin.
Meath var opphavleg kjernen i ein eigen provins, Meath, men denne vart ein del av Leinster. Grevskapet omfatta heile Westmeath fram til 1543, då Westmeath vart eit eige grevskap.
I mellomalderen sat overkongen av Irland på Tara i Meath. Staden er derfor kulturelt viktig for irane. Ei anna viktig historisk stad er den 5000 år gamle gravstaden Newgrange, som er ein verdsarvstad.