From Wikipedia, the free encyclopedia
Leah Isadora Behn (fødd 8. april 2005) er ein norsk influensar[1] og modell[2] som er dotter av prinsesse Märtha Louise og forfattaren Ari Behn.
Leah Behn | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 8. april 2005 (19 år) Hankø |
Yrke | influensar, modell |
Språk | norsk, engelsk |
Høgd | 167 centimeter |
Religion | kristendom |
Far | Ari Behn |
Mor | Märtha Louise av Noreg |
Leah Behn er nummer seks i arverekkja til den norske trona, etter mor si og si eldre syster Maud Angelica. Sidan ho også stammar direkte ned frå dronning Victoria av Storbritannia, står ho også på lista over dei som har arverett til den britiske trona.
Namnet Leah kjem av Leah, som er ei av urmødrene i jødedomen. Namnet Isadora skal tyda «fri, ukonvensjonell og kreativ kvinne». Ifølgje foreldra er namnevalet inspirert av at Ari har reist mykje i Midt-Austen, prinsesse Leia i Star Wars og dansaren Isadora Duncan. Dette fortalde foreldra i samband med dåpen hennar 16. juni 2005, der dronning Sonja var gudmor.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.