From Wikipedia, the free encyclopedia
Le Canard enchaîné er ei fransk satirisk avis, stifta i 1915. Avisa driv kritisk journalistikk og publiser ofte kritiske artiklar om politikk og økonomi. Lekkasjar frå den franske regjeringa vert ofte omtala. Avisa har ei sterk satirisk vinkling på dei fleste artiklane og bodskapen vert i stor grad formidla gjennom karikaturteikningar. Avisa kjem ut ein gong i veka, på onsdagar, og har eit opplag på 446 000. På grunn av den satiriske framstillinga er det naudsynt med god kjennskap til både fransk språk, samfunn og politikk for å få noko særleg utbytte av le Canard enchaîné.
Le Canard enchaîné | |||
| |||
Land | Frankrike | ||
---|---|---|---|
Type | Vekeavis | ||
Frekvens | (onsdag) | ||
Grunnlagd | 10. September 1915 | ||
Pris | 1,50 euro[1] | ||
Grunnlegger(ar) | Maurice Maréchal, Jeanne Maréchal, Henri-Paul Deyvaux-Gassier | ||
Sjefredaktør(er) | Érik Emptaz | ||
Språk | Fransk | ||
Hovudkvarter | Paris | ||
ISSN | 0008-5405, 2513-7956 | ||
OCLC | 436628226, 923708416 | ||
Nettstad | https://www.lecanardenchaine.fr/ (fransk) |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.