Lavangsfjorden i Lavangen
fjord i Troms From Wikipedia, the free encyclopedia
fjord i Troms From Wikipedia, the free encyclopedia
Lavangen eller Lavangsfjorden (samisk Loabákvuotna) er ein fjordarm av Salangsfjorden i kommunane Gratangen, Lavangen og Salangen i Troms. Fjorden strekkjer seg 16 km søraustover til Tennevoll i botn av fjorden.
Fjorden har innløp mellom bygda Lavangnes i nord og Svarthammaren i sør. Den ytre delen av fjorden følgjer kommunegrensa mellom Lavangen og Salangen før fjorden, medan resten av fjorden ligg i Lavangen.
Keiprød er ei bygd som ligg på sørvestsida om lag halvvegs inn i fjorden. Ved grenda Hastnes svingar fjorden austover, før den indre delen av fjorden svingar sørover ved Rød. I den indre delen av fjorden er det fleire bygder og grender langs fjordsidene. På austsida finn ein bygdene Soløy, Å og Hesjevik. Ved Soløy ligg òg Lavangen kyrkje. På vestsida ligg bygdene Røkenes og Låternes. Tettstaden Tennevoll, kommunesenteret i Lavangen, ligg inst i fjorden.
Riksveg 84 går langs austsida av den indre delen av fjorden, medan Fv141 går langs heile sørvestsida.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.