Laura Marano
From Wikipedia, the free encyclopedia
Laura Marie Marano[1] (fødd 29. november 1995) er ein amerikansk skodespelar og songar. Ho er best kjend for rolla si som Ally Dawson i Disney Channel-serien Austin & Ally.[2] Ho hadde òg ei rolle i Without A Trace, der ho spelte dottera til hovudrolla. Marano har hovudrolla i indiefilmen A Sort Of Homecoming.[3] I 2015 hadde ho hovudrolla i Disney-filmen Bad Hair Day. Rollefiguren hennar heitte Monica Reeves, og ein av motspelarane i filmen var Leigh-Allyn Baker.[4]
Laura Marano | |||
| |||
Fødd | 29. november 1995 (28 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Los Angeles | ||
Fødenamn | Laura Marie Marano | ||
Aktive år | 2003– | ||
Verka som | filmskodespelar, skodespelar, Føresongar, songar, stemmeskodespelar, dansar, fjernsynsskodespelar, komponist |
Marano vart fødd i Los Angeles i California. Ho er dotter av Damiano og Ellen Marano.[5] Den eldre systera hennar, Vanessa, er òg skodespelar. Faren Damiano har italienske røter.[6] Marano har kombinert filmrollene med skulearbeid, og var på skulen to dagar i veka. I eit intervju har ho opplyst at «eg går på ein offentleg vidaregåande skule, og venene mina og alle der har vore veldig støttande. Det er fint å ha nokon så støttande rundt meg når eg ikkje jobbar, sjølv om venene mine på settet er heilt fantastiske.»[7]