Laugh, Laugh
From Wikipedia, the free encyclopedia
«Laugh, Laugh» er ein song av den amerikanske rockegruppa The Beau Brummels, skriven av gitaristen Ron Elliott og produsert av Sylvester Stewart, seinare kjend som Sly Stone. Han kom ut i desember 1964 som debutsingelen deira og nådde 15. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100-lista i februar året etter. «Laugh, Laugh» var den første hitsingelen som kom frå det gryande musikkmiljøet i San Francisco etter den britiske bølgja.[1][2] Songen vart seinare gjeven ut på debutalbumet deira, Introducing the Beau Brummels, i april 1965.
Laugh, Laugh Singel av The Beau Brummels frå albumet Introducing the Beau Brummels | ||
B-side |
Still In Love With You Baby | |
---|---|---|
Utgjeve | December 1964 | |
Innspelt | 3. november 1964 | |
Studio | Golden State Recorders, San Francisco, California | |
Sjanger | folkrock, pop rock | |
Lengd | 2:48 (Single) 3:02 (Album) | |
Selskap | Autumn | |
Låtskrivar(ar) | Ron Elliott | |
Produsent | Sylvester «Sly Stone» Stewart | |
The Beau Brummels-kronologi | ||
Laugh, Laugh | Just a Little (1965)
|
The Beau Brummels marknadsførte singelen med å framføre songen på fleire fjernsynsshow, som ein episode av The Flintstones i 1965, der bandet vart animert og kalla The Beau Brummelstones. I 1994 vart «Laugh, Laugh» vald ut av Rock and Roll Hall of Fame som ein av 500 songar som forma rock and roll. Solosongaren Sal Valentino omarbeidde songen i 2008 for soloalbumet sitt Every Now and Then.
Musikkritikaren Dave Marsh valde ut songen i 1989 for boka si The Heart of Rock & Soul: The 1001 Greatest Singles Ever Made.[3]