Thorshavn-ekspedisjonane var fem norske antarktisekspedisjonar som vart gjennomført i perioden 1931–1937. Ekspedisjonane vart sende for å utforske kvalførekomstar i Sørishavet og kartlegge kysten av det antarktiske kontinentet, hovudsakleg frå fly. Ekspedisjonane nytta motortankaren «Thorshavn», som òg har gjeve namn til ekspedisjonane og var finansiert av kvalfangstpioneren Lars Christensen. Thorshavn-ekspedisjonane var ei vidareføring av Norvegia-ekspedisjonane (1927–1931), òg dei finansiert av Christensen.

Alle ekspedisjonane var leia av Lars Christensen sjølv med Klarius Mikkelsen som kaptein.

Den første Thorshavn-ekspedisjonen (1930/1931)

Dei oppdaga mellom anna Cape Darnley. Klarius Mikkelsen gjekk med HVB «Torlyn» i land i sørenden av MacKenzie Bay og namngav området Lars Christensen Land. Dette heiter i dag Lars Christensen Coast.

Den andre Thorshavn-ekspedisjonen (1932/33)

Ei tremannsgruppe med Hjalmar Riiser-Larsen skulle prøve å køyre med hundesledar langs iskanten frå Enderby Land til Weddellhavet.

Den tredje Thorshavn-ekspedisjonen (1933/34)

Under denne ekspedisjonen segla dei rundt det antarktiske kontinentet og det vart gjort flygingar over Lars Christensen Coast og Mac. Robertson Land. Prinsesse Astrid Kyst vart under flyturane oppdaga frå lufta.

Thorshavn-ekspedisjonen 1934/35

Under denne ekspedisjonen vart Ingrid Christensen Coast oppdaga og eit lag gjekk i land på Vestfold Hills den 20. februar 1935.[1][2]

Den fjerde Thorshavn-ekspedisjonen (1936/37)

Under den siste av desse ekspedisjonane vart kysten fotografert frå Vestbarrieren til Proclamation Island. Prins Harald Kyst vart oppdaga og fotografert frå fly. 4. februar 1937 gjorde Noreg krav på dette området.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.