Lapilli
From Wikipedia, the free encyclopedia
Lapilli er ein storleik-klassifisering for tefra, som er luftbårent material som blir eksplosivt kasta ut under eit vulkansk utbrot. Lapilli (eintal: laplillus) tyder «små steinar» på latinsk. På sett og viser liknar dei på ooider eller pisolitt i kalkhaldige sediment.
Per definisjon varierer lapilli frå 2 til 64 mm[1] i diameter. Ein pyroklastisk partikkel som er større enn 64 mm i diameter har namnet vulkansk bombe når han er i smelta form, og vulkansk blokk når han har størkna. Pyroklastisk material med partikkelstorleik mindre enn 2 mm i diameter blir kalla vulkansk oske.