Laksetobisfamilien
fiskefamilie / From Wikipedia, the free encyclopedia
Laksetobisfamilien (Paralepididae) er ein fiskefamilie i ordenen øglefiskar. Han omfattar rundt 70 artar som finst i ope hav over heile verda.[1]
Kjappe fakta
Laksetobisfamilien | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Actinopteri |
Underklasse: | Neopterygii |
Infraklasse: | Ekte beinfiskar Teleostei |
Orden: | Øglefiskar Aulopiformes |
Familie: | Laksetobisfamilien Paralepididae Bonaparte, 1832 |
Lukk
Fiskane i familien har ein ryggfinne som ligg bak midten av kroppen. Artane har ikkje symjeblære og vanlegvis ikkje skjel. Kroppslengda kan vera opptil ca. 1 meter.[2] I norske farvatn finst det to artar frå denne familien, stor laksetobis og liten laksetobis.[1]
Slekter i familien ifølgje Catalogue of Life,[3] Dyntaxa[4] og Fishbase:[2]
- Arctozenus
- Dolichosudis
- Lestidiops
- Lestidium
- Lestrolepis
- Macroparalepis
- Magnisudis
- Notolepis
- Paralepis
- Stemonosudis
- Sudis
- Uncisudis