Huronsjøen (engelsk Lake Huron) er ein av dei store sjøane i Nord-Amerika. Han er den nest største av desse sjøane, og den tredje største ferskvatn-innsjøen i verda. Sjøen har eit areal på 59 600 km² og inneheld 3 540 km³ vatn. Største lengde og breidde er 332 og 245 kilometer. Gjennomsnittsdjupna er 59 meter og største djup er 229 meter.
Huronsjøen | |||
innsjø | |||
Huronsjøen sett frå Arch Rock | |||
Land | Canada, USA | ||
---|---|---|---|
Innsjøtype | Glasial | ||
Tilsig | St. Marys River | ||
Utløp | St. Clair River | ||
Opphaldstid | 22 år | ||
Høgd over havet | 176 moh. | ||
Lengd | 332 km | ||
Breidd | 245 km | ||
Areal | 59 596 km² | ||
Middeldjupn | 59 m | ||
Største djupn | 229 m | ||
Volum | 3 540 km³ | ||
Kystlengd1 | 6 157 km | ||
Koordinatar | |||
Øyar | Manitoulin | ||
Byar | Saginaw Bay City Alpena Cheboygan St. Ignace Port Huron Goderich Sarnia | ||
Huronsjøen 44.592584°N 82.756293°W | |||
Wikimedia Commons: Lake Huron | |||
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. | |||
Huronsjøen inneheld den største øya i nokon innsjø i verda. Manitoulinøya skil den nordre kanalen og den georgiske bukta frå resten av sjøen.
Dei fem store sjøane er Øvresjøen, Michigansjøen, Ontariosjøen, Eriesjøen og Huronsjøen.
Større byar ved Huronsjøen
- Saginaw i Michigan
- Bay City i Michigan
- Alpena i Michigan
- Cheboygan i Michigan
- St. Ignace i Michigan
- Port Huron i Michigan
- Goderich i Ontario
- Sarnia i Ontario
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.