From Wikipedia, the free encyclopedia
Lailat al miraj, 'natta for himmelferda', er ei muslimsk høgtid til minne om profeten Mohammed sine reiser frå Mekka til Jerusalem og deretter Himmeriket i løpet av ei natt. Dagen blir feira den 27. rajab i den muslimske kalenderen.
Hendinga er skildra i sura «Al-Isra» i Koranen, og blir fortald i moskear denne dagen. Reisa til profeten kan tolkast både som ei fysisk og ei andeleg oppleving. Han møtte erkeenglar, profetar og Gud sjølv, og blei gjeven påbodet om dei fem daglege bønetidene.
På lailat al miraj kan muslimar be ekstra bøner og mange stader pynta med elektriske og levande lys. Feiringa har ofte fokus på barn og unge.
På arabisk heiter hendinga Lailätu 'l-Mi‘rāğ (ar. لیلة المعراج), på persisk, urdu og bengali Šab-e Mi'râj (pers. شب معراج) og på tyrkisk Miraç Kandili.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.