From Wikipedia, the free encyclopedia
LXDE (forkorting for engelsk Lightweight X11 Desktop Environment, ‘lettvektigX11-skrivebordsmiljø’) er eit fritt skrivebordsmiljø med relativt låge systemkrav. Dette gjer det spesielt godt eigna for ressurssvake datamaskiner som til dømes nett-PC-ar eller eldre maskinar.[2]
LXDE | |||
| |||
| |||
Skapar | Hong Jen Yee ("PCMan") | ||
---|---|---|---|
Utgjeve | 2006 | ||
Nyaste versjon | 0.10.1 (25. februar 2021)[1] | ||
Operativsystem | Unix-variant | ||
Skriven i | C | ||
Sjanger | skrivebordsmiljø | ||
Lisens | GPL 2.0+ | ||
Nettstad | http://www.lxde.org/ |
LXDE er skrive i programmeringspråket C, med GTK+ 2 som widgetverktøy. Det køyrer på UNIX og andre POSIX-kompatible plattformer, som Linux og BSD. Målet med programmet er å lage eit skrivebordsmiljø som er raskt og energieffektivt.[3][4] LXDE er standard skrivebordsmiljø på Knoppix, Lubuntu, LXLE, Peppermint Linux OS og Rasbian, men andre distribusjonar tilbyr òg LXDE.
LXDE nytta rullerande utgjeving på individuelle komponentar (eller grupper av komponentar).[5] Standard vindaugehandsamar er Openbox men LDXE kan òg konfigurerast til å nytt Fluxbox, IceWM og Xfwm.[6] LXDE har kjeldekode lisensiert i både GPL og LGPL.[3]
Prosjektet vart starta i 2006 av den taiwanske programmeraren Hong Jen Yee, som òg var kjent som PCMan då han publiserte filutforskaren PCManFM, den fyrste modulen i LXDE. Unøgd med GTK+ 3,[7] bestemte Hong Jen Yee for å eksperimentere med Qt tidleg i 2013[8] og lanserte den fyrste versjonen av ein Qt-basert PCManFM 26. mars 2016.[7] Den 3. juli 2013 annonserte Hong Jen Yee annonserte ein Qt-port av heile LXDE.[9] "21 Juli 2013 slo Razor-qt and LXDE seg saman til eit prosjekt LXQt.
Mange distribusjonar har byrja å tilby LXDE-baserte utgåver, noko som bidrar til det relativt nye skrivebordsmiljøet sin popularitet [10].
Ulikt andre skrivebordsmiljø som GNOME og KDE, har LXDE sine standardprogram få avhengigheitar og er ikkje tett integrert.[11] Dei kan istaden bli installert uavhengig av LXDE.[12]
Program | Beskriving | Notat |
---|---|---|
PCMan File Manager | Filutforskar | |
LXInput | Mus og tastatur konfigurering | |
LXLauncher | Enkel programstartar | |
LXPanel | Skrivebordspanel | |
LXAppearance | GTK+ Temahandsamar | |
GPicView | Biletsynar | |
LXMusic | Grafisk brukargrensesnitt for XMMS2 medisapelaren | |
LXTerminal | Terminalemulator | |
LXTask | Oppgåvehandsamar | |
LXRandR | Grafisk Brukargrensesnitt til RandR | |
LXDM | X display manager | |
SDDM | Skjermhandsamar som støttar både X11 og Wayland. | Ikkje laga av LXDE-prosjektet |
Leafpad | Teksteditor | Ikkje laga av LXDE-prosjektet |
Openbox (Fluxbox, IceWM og Xfwm støtta) | Vindaugehandsamar | Ikkje laga av LXDE-prosjektet |
ObConf | Grafisk verktøy for å konfigurere Openbox | Ikkje laga av LXDE-prosjektet |
Xarchiver | Filarkivlagar |
Ikkje laga av LXDE-prosjektet |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.