kommune i Troms fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia
Kåfjord kommune (nordsamisk Gáivuotna suohkan, kvensk Kaivuonon komuuni) er ein kommune i Troms fylke. Han grensar til Nordreisa kommune i nord og aust, Storfjord i sør, og mot Lyngen i vest. I søraust har kommunen grense til Finland.
Kåfjord kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Troms | ||
Adm.senter | Olderdalen | ||
Areal | 991 km² | ||
• land | 951 km² | ||
• vatn | 40 km² | ||
Folketal | 1 974 (1. januar 2024) | ||
Målform | bokmål | ||
Norsk målform | bokmål | ||
Samisk språk | nordsamisk | ||
Ordførar | Bernt Eirik Isaksen Lyngstad (Ap) | ||
Kommunenr. | 5540 | ||
Kåfjord kommune 69.604°N 20.53456°E | |||
| |||
Wikimedia Commons: Kåfjord, Troms | |||
Nettstad: www.kafjord.kommune.no | |||
I tillegg til administrasjonssenteret Olderdalen har kommunen tettstadane Birtavarre, Kåfjorddalen, Djupvik, Nordmannvik og Manndalen eller Olmmaivaggi, der den internasjonale urfolkskulturfestivalen Riddu Riđđu blir halden årleg.
Kåfjord kommune vart oppretta i 1929, då han vart skild ut frå Lyngen kommune. I 1992 vart fire gardar i grunnkrinsen Nordnes overført frå Lyngen kommune til Kåfjord kommune. 2. mai 1994 fekk kommunen offisielt tospråkleg namn, Gáivuotna - Kåfjord, då det samiske namnet vart lagt til kommunenamnet. I 2016 fekk Kåfjord kommune godkjent søknad om kvensk kommunenamn etter behandling i statsråd 15. april. Dermed ber kommunen offisielt eit trespråkleg kommunenamn.[1]
Folketalet i kommunen nådde toppen i 1970, då folketalet var 3362.[2] Sidan då har det vore jamn nedgang i folketalet.
Folketalsutvikling for Kåfjord kommune frå 1930:
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.