Kárpathos
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kárpathos (gresk Κάρπαθος, italiensk Scarpanto, tyrkisk Kerpe) er ei øy i Hellas som høyrer til Dodekanesane i Egearhavet.
Kjappe fakta Kárpathos Lokalt namn Κάρπαθος, Geografi ...
Kárpathos Lokalt namn Κάρπαθος | |
---|---|
Levkós på Kárpathos | |
Geografi | |
Stad | Egearhavet |
Koordinatar | 35°35′N 27°08′E |
Øygruppe | Dodekanesane
|
Areal | 324,1 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining | Dei sørlege egeiske øyane Kárpathos-Kásos |
Største busetnad | Kárpathos (2 815 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 6 567 (2021[1]) |
Folketettleik | 20,3 /km² |
Lukk
Tidlegare hadde øya to kommunar, men frå 2011 er Kárpathos ein kommune, og øya høyrer administrativt til under periferieininga Kárpathos-Kásos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.[2] Kárpathos er hovudstad i periferieininga.
Folketalet er på vel 6 000, men vert meir enn dobla i sommarmånadane då mange turistar kjem her. Stundom kan det vere opp mot 20 000 folk på øya.