From Wikipedia, the free encyclopedia
Kystvakta er ei av tre hovudeiningar i det norske Sjøforsvaret. Ho blei oppretta i 1977 i samband med at Noreg etablerte ei økonomisk sone på 200 nautiske mil. Det tidlegare fiskerioppsynet blei lagt ned. Kystvakta sine oppgåver er suverenitetshevding i norske farvatn, fiskeri-, toll- og miljøoppsyn, anløpskontroll, redningsteneste og bistand til havs.
I 2004 blei bruksvaktoppgåvene overførte til bruksvaktsentralen på Sortland. Nye viktige oppgåver for dei store fartøya er slepeoppdrag og oljevern i samband med oljeutvinninga i nord og assistanse ved transport av store mengder olje langs kysten.
I 2013 hadde Kystvakta eit budsjett på ca. 1000 millionar kroner og ca. 370 tilsette. I tillegg er det ca. 80 innleigde frå sivile reiarlag og i støttefunksjonar på land. Ca. 330 vernepliktige gjer førstegangstenesta si i Kystvakta.
Fiskerioppsynstenesta som blei etablert i 1907 hadde tre hovedoppgåver: Grenseoppsyn – kontroll med at utanlandske fartøy respekterte nasjonale grenser og reglar, hjelpeteneste – assistere fartøy som var i naud eller trong anna hjelp, og bruksvakthald – vakthald over uteståande fiskebruk.
Etter andre verdskrigen blei fiskerioppsynstenesta lagt til Sjøforsvaret, og fram til 1961 blei mykje av oppsynet utført av ordinære marinefartøy og innleigde fiskebåtar. Frå denne tida stammar praksisen med å leige inn private kystvaktfartøy til statlege oppgåver – ei ordning som no vert kritisert frå fleire hald, og som Forsvaret ønsker å endre.[1]
I 1961 utvida Noreg fiskerisona til 12 nautiske mil og fiskerioppsynstenesta blei omorganisert og utskilt med eigen sjef, personell og fartøy under namnet Det sjømillitære fiskerioppsyn. Då avtalen om regulering av fisket i det nordaustlege Atlanterhavet (NEAFC) tredde i kraft i 1970 blei seks norske fartøy påmelde som inspeksjonsfartøy. På denne tida disponerte fiskerioppsynet seks eigne fartøy i kontinuerleg drift, tre som var i drift i kortare periodar og diverse fiskebåtar som blei innleigde til bruksvakthald.
På 1970-talet blei det klart at olje- og gassverksemd og auka internsjonal merksemd mot fiskeriressursane auka krava til fiskerioppsynet, og i 1974 blei det såkalla Stoltenberg-utvalget sett ned. Utvalet si innstilling gav grunnlaget for skipinga av Kystvakta i 1977, samstundes som den norske økonomiske sona på 200 nautiske mil blei etablert.
I samband med skipinga av Kystvakta blei materiellsituasjonen kraftig forbetra. Kystvakta fekk 10 fartøy, sju innleigde fartøy og tre store helikopterberande fartøy av Nordkapp-klassen. Kystvakta fikk også to Lockheed P-3 Orion patruljefly.
I 1996 fekk Kystvakta ansvaret for å utføre ulike tilsyns-, kontroll- og aksjonsfunksjonar i dei indre kystfarvatna. Dette førte til skipinga av Indre Kystvakt (IKV), der kysten blei delt opp i sju soner, med eitt IKV-fartøy i kvar sone.
Kystvakta blei organisert som eit kystvaktinspektorat i Sjøforsvaret, med ein kystvaktinspektør som sjef. Tenesta blei delt i to regionale einingar: Kystvaktskadron Sør og -Nord, med eit skilje ved 65 grader nord. KV Sør blei lokalisert til Haakonsvern, mens KV Nord etter ein politisk strid blei lagt til Sortland.
I 2003 blei Kystvakta ei eiga driftseining i Sjøforsvaret og Kystvaktinspektøren, med hovudsete i Oslo, blei sjef for Kystvakta. Frå 1. januar 2012 blei sjefen for Kystvakta med stab flytta til Sortland i Vesterålen, og dei to skvadronane blei lagde ned.
Sjefen for Kystvakta med stab har hovudkvarter ved Sjøforsvarets kystvaktstasjon, Sortland (SKYS). Sjefen for Kystvakta har både administrativ og operativ kommandomyndigheit over Kystvaktas 15 fartøy. Kystvaktstaben er organisert i følgjande avdelingar: Administrasjonsavdeling, Operasjonsavdeling, Teknisk avdeling, Fagavdeling og Kystvaktas kompetansesenter (på Haakonsvern).
Kystvakta sine operasjonar kan delast inn i tre einingar:
Kystvakta har avgrensa politi-, inspeksjons- og kontrollmyndigheit. Ho kan òg setje i verk tvangstiltak. Lov om Kystvakten av 1997 regulerer kva makt og myndigheit Kystvakta har.
Kystvakta leiger 5 av totalt 15 fartøy – frå sunnmørsreiarlaga Remøy Shipping, Remøy Management, Fosnavåg Shipping og BOA Offshore AS. Reiarlaga har ansvaret for den tekniske drifta og vedlikehaldet av skipa.[1]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.