Kypriotisk geografi
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kypros er den tredje største øya i Middelhavet, etter dei italienske øyane Sicilia og Sardinia. Kypros ligg i den austlege delen av Middelhavet, sør for halvøya Anatolia (Litleasia) eller den asiatiske delen av det moderne Tyrkia. Derfor reknar ein geografisk øya som ein del av Vest-Asia eller Midtausten.
Kypros er 240 km lang og 100 km brei, og om lag 75 km frå Tyrkia i nord. Andre naboområde er Syria (105 km) og Libanon (108 km) i aust, Israel 200 km mot søraust, Egypt 380 km mot sør og Hellas i vest-nordvest (280 km til Kastellórizo i Dodekanesane, 400 km til Ródos, og 800 km til det greske fastlandet.
Tre fysiske trekk dominerer øya. Tróodosfjella dekkjer det meste av dei sørlege og vestlege områda, og om lag halvparten av øya. Den smale fjellkjeda Kyrínia strekkjer seg langs den nordlege kystlinja, og dekkjer eit mykje mindre område. Mellom desse to fjellkjedene ligg sletta Mesaoría.
Geopolitisk er øya vidare delt inn i fire hovudområde. Republikken Kypros, den internasjonalt godkjende styresmakta, dekkjer den sørlege to-tredjedelen av øya. Nord-Kypros okkuperer den nordlege delen av øya og er berre godkjend av Tyrkia. Den SN-kontrollerte grøne linja er ein buffersone som deler dei to. I tillegg ligg det to britiskstyrte basar på øya: Akrotíri og Dekélia.
Geografiske koordinatar: 35° N 33° E