art av andefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Kvitkinngås (Branta leucopsis) er ei gås i andefamilien. Ho er ein flyttfugl som hekkar primært i Arktis, men etter 1970-talet òg på enkelte stader i Skandinavia. Kvitkinngåsa er ei kompakt, relativt korthalsa gås med svart, kvit og grå fjørdrakt. Ho hekkar nær kysten og kan leve i mange forskjellige typar av hekkehabitat som fjellskrentar, grasstrender, låge øyar og grunne sandbankar. Føda består av plantemateriale, inkludert vier.
Kvitkinngås | |
Foto frå Finland Foto: flickr-brukar andrey | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av kvitkinngås | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Andefuglar Anseriformes |
Familie: | Andefamilien Anatidae |
Slekt: | Branta |
Art: | Kvitkinngås B. leucopsis |
Vitskapleg namn | |
Branta leucopsis Bechstein, 1803 |
Det spesifikke vitskaplege namnet er avleidd frå gammalgresk leukose som tyder 'kvit' og opsis, som tyder 'andlet'. Arten er ikkje delt inn i underartar. Kvitkinngåsa høyrer til slekta Branta, som inkluderer gjæser karakterisert av svart og kvit fjørdrakt og svarte bein og nebb.
Kvitkinngåsa er ein mellomstor gåseart, 55–70 cm lang,[1] med eit vengespenn på 130–145 cm og ein kroppsmasse på 1,2 til 2,2 kg.[2][3] Ho har kvitt andlet og svart hovud, nakke og øvre del av brystet. Buken er kvit. Vengene og ryggen er sølvgrå med svart-kvite tverrstriper som kan skine når lyset blir reflektert. Under flyging vil dei syne ein V-forma kvit flekk på overgumpen og sølvgrått på undervengen.
Kvitkinngjæser hekkar hovudsakleg på arktiske øyar i Nord-Atlanteren. Det er tre hovudpopulasjonar, med fråskilte område både for hekking og overvintring. Populasjonane er frå vest til aust:
Ein ny, fjerde bestand er broten ut frå bestanden på Novaya Zemlya, har vorte etablert sidan 1975 med hekking på øyar i Austersjøen innanfor territoria til Estland, Finland, Danmark og Sverige, også desse overvintrar i Nederland. Populasjonen er om lag 8000.
Små mengder av denne arten har hekka langs indre Oslofjorden. Forvilla fuglar, hekkar òg i andre nordeuropeiske land. Nokre gonger har kvitkinngjæser dukka opp i nordaustlege USA eller Canada, men nokre av desse kan vere rømde individ, ettersom det er vanleg å halde kvitkinngjæser i fangenskap.
Kvitkinngjæser byggjer ofte reiret høgt oppe i bratte fjellsider som er utilgjengelege for rovdyr, primært polarrev og isbjørn, men òg borte frå mat. Dei kan dessutan hekke ute på øyar og holmar eller fleire kilometer inn frå kysten. Som hos alle andre gjæser, vil nyklekka ungar straks søkje etter føde. Foreldra vil leide dei til vegetasjonsrike beiteområde ved små tjern. Tre dagar gamle ungar kan hoppe utfor avsatsar i fjell og ut i fritt fall; låg kroppsvekt og dunkleding gjer at dei vanlegvis ikkje tar skade om dei treffer steinar nedanfor. Polarreven kan følgje og fange ungar på veg til beiteområda.
Ropet til kvitkinngjæsene er eit einstava ka.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.