Kvitgran (Picea glauca) er ein plante i granslekta i furufamilien. Ho høyrer naturleg heime på det nordamerikanske kontinentet. I Canada og Alaska, mot 70. breiddegraden, dannar ho den arktiske skoggrensa. Ho veks òg ved dei store sjøane i USA, sør til 42°30' N.

Kjappe fakta
Kvitgran
Kvitgran
Kvitgran
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av kvitgran
Utbreiinga av kvitgran
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Bartre Pinophyta
Klasse: Pinopsida
Orden: Furuordenen Pinales
Familie: Furufamilien Pinaceae
Underfamilie: Piceoideae
Slekt: Granslekta Picea
Art: Kvitgran P. glauca
Vitskapleg namn
Picea glauca
Lukk

Kvitgrana vert brukt både til framstilling av cellulose og papir og som virke for trelast.

Kvitgrana er svært hardfør, både med tanke på vind, temperatur og krava til jordbotnen. Difor er ho mykje bruka i skogreisinga på lyngmark langs norskekysten, og ho er godt eigna til leplanting. Ho er meir lyskrevjande enn norsk gran.

Kvitgrankongle.

Utbreiing

Kvitgran veks naturleg i taiga i den nordlege delen av Nord-Amerika, frå sentrale Alaska til så langt aust som Avalon-halvøya i Newfoundland, og sør til nordlege Montana, Minnesota, Wisconsin, Michigan, New York, Vermont, New Hampshire og Maine. Det er òg ein isolert populasjon i Black Hills i Sør-Dakota og Wyoming.[1][2][3][4][5] På engelsk er treet er òg kjent som Canadian spruce, skunk spruce, cat spruce, Black Hills spruce, western white spruce, Alberta white spruce og Porsild spruce.[6]

Variantar

Fleire variantar er blitt skildra, men dei har ikkje blitt aksepterte som separate av alle botanikarane. Eit kompromiss kan ein rekne frå aust til vest:[1][2]

  • Picea glauca var. glauca (typisk eller Eastern white spruce). Frå Newfoundland vest til austre Alberta, på låglandslettene.
  • Picea glauca var. densata (Black Hills white spruce). Black Hills i Sør-Dakota.
  • Picea glauca var. albertiana (Alberta white spruce). Rocky Mountains i Alberta, British Columbia og nordvestre Montana.
  • Picea glauca var. porsildii (Alaska white spruce). Alaska og Yukon.

Kultivarar

Fleire kultivarar har blitt valde ut til bruk i parkar og hagar.

  • P. glauca 'Echiniformis' har fått Royal Horticultural Society sin Award of Garden Merit.[7]
  • P. glauca var. albertiana 'Conica' - Kjeglegran, ein dvergkultivar som er ei populær hageplante. Den har slanke blad, lik dei ein normalt finn på eitt år gamle plantar. Kultivaren veks veldig sakte, typisk berre 2-10 cm pr år. Gamle eksemplar kan «revertere», ved at dei utvikler vanleg bladverk og startar å vekse mykje hurtigare. Denne veksten må trimmast om planta framleis skal vere eit dvergtre.

Kjelder

  • Knut Skinnemoen: Skogskjøtsel Landbruksforlaget 1969

Referansar

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.