kyrkje i Balestrand kommune From Wikipedia, the free encyclopedia
Kvamsøy kyrkje er ei steinkyrkje frå kring 1280–1300 på den vesle Kvamsøya i Sogndal kommune i Vestland.
Kvamsøy kyrkje | |||
Kvamsøy kirke | |||
Foto: 3s | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Bjørgvin | ||
Prosti | Sogn | ||
Sokn | Balestrand | ||
Fellesråd | Balestrand | ||
Stad | Kvamsøya i Sogndal kommune | ||
Type | Langkyrkje | ||
Tårn | Bygd i 1715-1716 | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Sitjeplassar | 210 | ||
Kvamsøy kyrkje 61.12875°N 6.4846°E | |||
Wikimedia Commons: Kvamsøy kirke | |||
Fyrste gongen kyrkja er nemnd i skriftlege kjelder er i 1349, og ein veit ikkje sikkert når ho vart bygd. Dateringa til 1280–1300 byggjer på stilmessige vurderingar. I fylgje ei segn vart kyrkja reist etter ei gåve frå engelske sjøfarande som skal ha søkt livd innom øya i eit uvêr. Kyrkja var soknekyrkje i Kvamsøy sokn til Sæle kyrkje stod ferdig i 1903. No er det berre to faste gudstenester i kyrkja i året, eine i mai og hi til olsok. I tillegg kjem gravferder og eventuelt vigsler, dåp og konfirmasjonar. Kyrkja er stengd frå oktober til mai fordi ho ikkje har elektrisk oppvarming.
Kyrkja ligg i Balestrand sokn i Sogn prosti. Fram til prestegjelda vart fasa ut frå 2004 låg ho i Balestrand prestegjeld.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.