From Wikipedia, the free encyclopedia
Kungliga biblioteket (KB) er det svenske nasjonalbiblioteket. Bygnaden ligg i Humlegården i Stockholm. Biblioteket har sidan 1661 samla inn og tatt vare på alt trykt materiale som blir gjeven ut i Sverige. Frå 1. januar 2009 gjeld plikta òg audiovisuelle media. Kungliga biblioteket er ein statleg institusjon.[2]
Kungliga biblioteket | |||
| |||
| |||
Svensk orgnr. | 202100-1710 | ||
---|---|---|---|
Skipa | 1661 | ||
Hovudkontor | Stockholm | ||
Land | Sverige[1] | ||
Nettstad | http://www.kb.se (svensk) |
Samlingane er opne for alle, men verksemda er mest retta inn mot forskarverda. Materialet frå den svenske samlinga må studerast på biblioteket og kan ikkje lånast med heim. Det meste må tingast på førehand.
Kungliga biblioteket flytta inn i den noverande bygningen i Humlegården årsskiftet 1877/78. Huset, som blei teikna av Gustaf Dahl, er oppført i ein nyskapande støypejernsteknikk. Dei to fløyene blei bygde i 1926-27 etter teikningar av Axel Anderberg. Bygningane har hatt statleg vern som statligt byggnadsminne sidan 1935.[3]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.