From Wikipedia, the free encyclopedia
Krossprosesjon er ei kristen handling der ein kross blir boren fremst i eit høgtideleg opptog. Dette kan gjerast som start på ei gudsteneste eller som ein del av han, og kan finna stad inni ei kyrkje eller utandørs. Ofte blir det brukt særskilde prosesjonskrossar som er lette å bera og vil vera synlege for folkemengda, i krossprosesjonar.
I den katolske kyrkja byrjar ein messer ved ein prosesjon leia av ein krossberar med ein kross. Det finst også rituale for krossprosesjonar utandørs, som relikvieprosesjonar, helgenprosesjonar og prosesjonar mot tørke, uvêr og ulukker.
Lengre krossprosesjonar er særleg utbreidde i den ortodokse kyrkja. Dei føregår ved at ein kyrkjelyd følgjer ein kross og andre symbol, som lykter og ikon, borne av geistlege. Prosesjonane kan gå frå ei kyrkje til ein særskild stad, eller rundt ei kyrkje tre gonger. Krossprosesjonar finn stad ved kyrkjehøgtider, som den stille veka og helgenfestdagar, og gravferder.
Krossprosesjonar (russisk Крестный ход, Krestnyj khod) er eit viktig motiv i russisk kunst, og er mellom anna kjend frå eit måleri av Ilja Repin.[1]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.