From Wikipedia, the free encyclopedia
Kronobiologi er eit vitskapleg felt der ein studerer periodiske (sykliske) fenomen i levande organismar og deira tilpassing til sol- og måne-relaterte rytmar. Desse syklusane er kjende som biologiske rytmar.
Kronobiologiske studiar omfattar mellom anna komparativ anatomi, fysiologi, genetikk, molekylærbiologi og åtferda til organismar.
Den viktigaste rytmen i kronobiologi er døgnrytmen, ein syklus på ca. 24 timar som viser seg i fysiologiske prosessar hjå planter og dyr. Andre rytmar, som tidevassryten, spelar også ei viktig rolle hjå mange organismar.
I 1960 handla det 25. årlege seminaret i kvantitativ biologi ved Cold Spring Harbor Laboratory i New York om biologiske klokker. I tiåra før hadde mange forskarar studert døgnrytmar uavhengig av einannen. Deltakarane var botanikarar, entomologar (insektforskarar), fysiologar, økologar, mikrobiologar og åtferdsbiologar, evolusjonære biologar og medisinarar. Dette møtet grunnla feltet kronobiologi; det var her desse vitskapskvinner og -menn skjønte at dei alle studerte det same fenomenet. Terminologi og metodar blei heretter samkjørde. Dei neste åra utvikla det seg to fraksjonar, èin leia av Franz Halberg som ville sjå på feltet frå ein medisinsk synsvinkel og éin leia av Colin Pittendrigh som hadde bakgrunnen sin i den evolusjonære og økologiske biologien. Pittendrigh blei vald til leiar av Society for Research in Biological Rhythms og grunnforsking på allslags organismar, plantar som dyr, følgde.[1][2]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.