norsk musikar og komikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Kristopher Hugh Martin Schau (fødd 12. august 1970) er ein norsk musikar, forfattar, programleiar og humorist frå Oslo. Han er son åt skodespelaren Finn Schau og bror åt programleiaren Aleksander Schau.
Kristopher Schau | |
Pseudonym | Farbror Blå, Max Cargo, Gary Backseat |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 12. august 1970 (53 år) Oslo |
Yrke | musikar, skodespelar, skribent, manusforfattar |
Sjanger | heavy metal, rock, pønkrock |
Medlem av | Hurra Torpedo, Gartnerlosjen, Mongo Ninja, Datsun, The Dogs, The Cumshots |
Far | Finn Schau |
Ektefelle | Kristin Skogheim, Malin Nilsson Schau |
Kristopher Schau på Commons |
Kristopher Schau har vore med på mange meir eller mindre musikalske tiltak gjennom Duplex records sidan slutten på 1980-talet (sjå bandi nedan). Han har dertil med vore programleiar og medverka i ei rad radioprogram, so som Kvegpels på Radio Nova (1993-), Karate (1995-2003), Hybel (1996-1998), XL (1996-1999), Herreavdelingen (1997), Holger Nielsens metode (1999-2000) og Et Norge i krig (2004) på NRK Petre og Jeg hater svensker på Kanal 24 (2004).
På fjernsyn har me sett Kristopher Schau i programmi XLTV (1998-1999), Oppgang B (1998), TVTV (1999) Topaz (2002), Team Antonsen (2004) på NRK og De syv dødssyndene på TV2. Dessutan har han spela i reklamefilm for avisa VG.
Kristopher Schau har gjeve røyst til figuren Kronk i filmen Et kongerike for en lama (2000) og Marius i Slipp Jimmy fri (2006).
Kristopher Schau har vekt åtgaum ved nokre høve for sine uredde røyne og usedvanlege forskingsprosjekt, der han har testa ut menneskekroppen. Han budde til dømes éi veke i ein Opel Rekord stasjonsvogn, 1981-modell, i prosjektet En mann, en bil, en uke (1998) på programmet XL, og på Karate sat han ei veke i eit butikkvindauga på Karl Johans gate, der han skulle freista forfalla mest mogeleg, både fysisk og åndeleg, i prosjektet Forfall (2001). I programserien De syv dødssyndene lét han seg mellom anna omskjera
Som forfattar har Kristopher Schau gjeve ut kokeboki Tendenser (2001), og saman med Morten Ståle Nilsen og Øystein Karlsen gav han i 2006 ut Et Norge i krig - ei samling av innslag frå radioprogrammet med same namnet, i bokform. Han skreiv teksti til teikneserien Margarin, som Øystein Runde teikna, og som kom ut som teikneseriealbum i 2006. Han har elles meldt teikneseriar i bladet Mute, radioprogrammet Ordfront og fjernsynsprogrammet Stereo (alle i 2002). I 2009 gav han ut boka På vegne av venner.
Kristopher Schau vann VM i Rock i Bilbao (2002) med bandet The Cumshots, og har dessutan overprøvt Spellemannskommitéen sine avgjerder, då han gav Spellemannsprisen til Black Debbath (2000).
Til stortingsvalet i 2001 var Kristopher Schau kandidat for Det Politiske Parti i Aust-Agder og Sogn og Fjordane.
Somme av Kristopher Schau sine gjerningar er dokumentera på DVD-en Kristopher Schau - Ti år med juling - på tide å få betalt! frå 2004.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.