Krampus er ein djevelskikkelse eller eit truande monster med bukkehorn som ifølgje folketradisjonar frå Aust-Alpene opptrer i førjulstida. Krampus finst blant anna i opptog saman med Sankt Nikolas, forløparen for den moderne julenissen, på festdagen hans nilsmesse den 6. desember eller på nilsmesseaftan kvelden før. Medan Nikolas deler ut gåver til lydige barn, skremmer og straffar Krampus dei uskikkelege.
Krampus har vore særleg viktig i Austerrike. Der har skikkelsen hatt rolle som Fanden[1], ein folkeleg variant av djevelen, i tillegg til å vera gåveutdelar den 6. desember, på same måte som Nikolas.[2]
Tradisjonar
Opphavet til Krampus er uklart, men visse folkloristar har foreslått eit samband tilbake til germanske skikkar i førkristen tid. Han blir mellom anna sagt å vera son av Hel i Helheim.[3] Tradisjonane varierer gjennom tidene og frå stad til stad, men likskapen med den horna guden til heksene er tydeleg. Bjørkegreiner minner om innvigselsriter i visse heksesamfunn, som inneber å bindast og å bli piska som ei form for liksom-død. Lenkjene kan vera eit kristent forsøk på «å binda djevelen» eller ei leivning av ein heidensk rite.[4]
I Austerrike, Bayern, Ungarn, Tsjekkia, Kroatia, Slovakia, Slovenia og Sør-Tirol har skikkelsen vore kjend under ulike namn sidan mellomalderen[2] og utvikla seg til ein av dei mange følgjevenene eller hjelparane til Sankt Nikolas. Når Nikolas løner snille born med gåver, straffar Krampus dei som har vore ulydige. Han kan til dømes fanga borna i sekken og risa eller banka dei, eller bortføra og i verste fall eta dei. I andre tradisjonar, som den italienske Befana, kjem følgjet om natta og legg igjen godteri og hyggelege smågåver i strømper og skor, eller i staden riskvaster og kolbitar som teikn på at ungane fortener straff. I motsetnad til andre av Nikolas sine følgjevener – mellom dei Knecht Ruprecht («Rupert Knekt») og Christkind (Christkindl, «Kristusbarnet») i Tyskland, Belsnickel (òg kalla Pelzebock, Pelznickel) i Tyskland og tyske miljø i USA, og den opphavleg skremmande «negertenaren» Zwarte Piet i Nederland - kan Krampus opptre som ein flokk av fleire Krampus-udyr.[5]
I fleire byar, først og fremst i Alpane, blir det kvart år arrangert opptog der unge menn kler seg ut som Krampus med horn, skinn og skremmande dyre- og djevelmasker, og larmar gjennom gatene med bjøller, piskar og hyl. Opptoga blir på tysk kalla Krampuslauf («krampusløp»). Det har òg vore tradisjon for Krampuskarten, førjulskort med bilde av Krampus.
Sjå òg
- Perchta (Berchta, Bertha), kvinneleg figur i mørk og lys versjon knytte til vinterOLverv i østerriksk og sørtysk folketradisjon
- Knecht Ruprecht, gåveutdelar og hjelpar til Sankt Nikolaus i nordtysk tradisjon
- Belsnickel, gåveutdelar med sekk og risekvist i tysk tradisjon
- Zwarte Piet, «negerslave» som følgjer Sankt Nikolaus og er gåveutdelar på nilsmesseaften i nederlandsk tradisjon
- Le Père Fouettard, «Fader Pisk» som følgjer Sankt Nikolaus og straffar slemme born i fransk tradisjon
Kjelder
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.