![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/43/Coat_of_Arms_of_Corsica.svg/langnn-640px-Coat_of_Arms_of_Corsica.svg.png&w=640&q=50)
Korsika
From Wikipedia, the free encyclopedia
Korsika (korsikansk og italiensk Corsica, fransk Corse) er ei øy i Middelhavet som høyrer til Frankrike. Øya ligg vest for Italia, søraust for kontinental-Frankrike (170 km sør for Nice) og nord for Sardinia. Ho er den fjerde største øya i Middelhavet. Korsika er ein del av Frankrike og er kjend som Napoleon Bonaparte sin fødestad. På Korsika snakkar dei korsikansk, som vert klassifisert anten som eit eige språk, eller som ein dialekt av italiensk.
Région Corse | |
![]() | |
Fakta | |
Hovudstad | Ajaccio |
Regionspresident | Gilles Simeoni |
Flatevidd | 8 680 km² |
Folketal | 279 000 (2006) Rangering 25 |
Folketettleik | 32 innb./km² |
Arrondissement | 5 |
Kantonar | 52 |
Kommunar | 360 |
Geografi | |
![]() |
Frå byrjinga av 2000-talet har Korsika fått auka intresse som turistmål.