Målføre
From Wikipedia, the free encyclopedia
Målføre eller dialektar er talemålsvariantar av eit språk, variantar som finst i geografisk åtskilde område, til skilnad frå sosiolektane, som er variantar mellom ulike sosiale grupper, og standardspråk, som ofte kan vere definert som ikkje-stadeige språk.
Det er ikkje noko absolutt og objektivt skilje mellom ein dialekt og eit språk, politiske tilhøve avgjer ofte om ein dialekt eller ei dialektgruppe blir forfremja til eige språk eller eit språk redusert til dialekt av eit nærskyldt språk. Dei skandinaviske språka er typiske døme på at målføre som er svært like, blir skilde ut som ulike språk. Kinesisk er eit døme på det motsette, der svært ulike dialektar som ikkje er innbyrdes forståelege, likevel vert kalla eitt språk.
Det er viktig å skilje mellom omgrepa målføre og målform. Noreg har mange dialektar, men norsk har berre to offisielle målformer, bokmål og nynorsk.