Kontinentalmargin
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kontinentalmargin er ei sone av havbotn som skil den tynne oseanskorpa frå den tjukke kontinentalskorpa. Kontinentalmarginar utgjer om lag 28 % av havområda.[1]
Overgangen frå kontinental- til oseanskorpe skjer vanlegvis innanfor dei ytre delane av grensa eller marginen, kalla kontinentalfot. På havsida av grensa ligg djuphavsslette. Undervassdelen av kontinentalskorpa vert kalla kontinentalsokkel, som vanlegvis endar brått ved haveggen og går over til den bratte kontinentalskråninga. Kontinentalstiginga er eit område med slak stigning frå djuphavssletta og opp mot kontinentalskråninga. Kontinentalsokkelen utgjer om lag 20 % av kontinentalskorpa.[1]
Kanten av kontinentalmarginen vert nytta som grensa for internasjonalt godkjende nasjonale krav til undervassressursar i definsjonen av kontinentalsokkelen av Havrettstraktaten.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.