From Wikipedia, the free encyclopedia
Kongsberg Idrettsforening er eit idrettslag heimehøyrande i Kongsberg i Buskerud, stifta 28. januar 1899. Laget er aktivt med i idrettane dans, fotball, friidrett, ishockey, skeiseløp, alpin skiidrett, skihopping, snøbrett, sykling, telemarkski og turn. Kongsberg IF er særleg kjend for dei mange skihopparane som i 1930- og 1940-åra høyrde til verdstoppen i øvinga, med Birger Ruud som den aller fremste.
Skihopparane Sigmund Ruud, Birger Ruud, Asbjørn Ruud og Petter Hugsted vann alle saman VM- og eller OL-gull i tida 1929-1948. Også Hans Beck, Hilmar Myhra og Arnholdt Kongsgård tok internasjonal medalje i hoppbakken i 1930-åra. Etter 1950 vann skihopparane Ivar Nilsen og Einar Bekken kvar si NM-bronse, høvesvis i 1951 og 1975.
Birger Ruud fekk bronsemedaljen i kombinasjonen under VM i alpine greiner 1935. Oddvar Rønnestad vart norsk meister i utfor då NM i alpine greiner 1962 fann stad i Ørsta, medan Merete Fjeldavlie vann fleire NM-titlar i alpint for KIF gjennom 1990-åra. Spydkastaren Bjørn Grimnes vann 1972-78 tre norske meisterskap i øvinga, og vart femtemann under Sommar-OL 1972 i München.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.