Komi
permisk språk / From Wikipedia, the free encyclopedia
Komi (eller komisyrjensk) er eit permisk språk i den uralske språkfamilien. Det blir framfor alt snakka i Republikken Komi, der det er offisielt språk i lag med russisk, men også i dei administrative områda som grensar mot republikken, særleg i Nenetsia og i Arkhangelsk oblast. Også i Murmansk oblast er det ein minoritet av komiar, dei er etterkommarar etter komiar som vandra dit over isen til Kola-halvøya på slutten av 1800-talet.
- Sjå òg Republikken Komi