Kolyma
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kolyma (russisk Колыма) er ein region i den fjernaste nordaustre delen av Russland, i området vanlegvis kjent som Sibir. Han er avgrensa av Aust-Sibirhavet og Nordishavet i nord og Okhotskhavet i sør. Denne svært avsidesliggande regionen har namn etter elva Kolyma, og fjellkjeda med same namn, der enkelte område ikkje blei utforska før 1926. I dag består regionen i hovudsak av Tsjukotka autonome okrug og Magadan oblast.
Området, som ligg delvis nord for Polarsirkelen, har eit subarktisk klima med svært kalde vintrar som varer opptil seks månader. Permafrost og tundra dekker ein stor del av regionen. Gjennomsnittlege vintertemperaturar spenner frå -19°C til -38°C (og lågare i innlandet), og gjennomsnittlege sommartemperaturar, frå +3°C til +16°C. Det finst rike reservar av gull, sølv, tinn, wolfram, kvikksølv, koppar, antimon, kull, olje og torv. Det er peikt ut 29 område med moglege olje- og gassreservar identifisert på kontinentalsokkelen i Okhotskhavet. Totale reservar er estimerte til 3,5 milliardar tonn oljeekvivalentar, av dette 1,2 milliardar tonn olje og 1,5 milliardar tonn gass.[1] Den største byen i området, Magadan, har eit folketal på rundt 100 000, og er den største hamna i nordaustre Russland. Han er heimehamn for ein betydeleg fiskeflåte og blir halden open heile året ved hjelp av isbrytarar. Nær Magadan ligg òg Sokol lufthamn. Byøkonomien er elles basert på utvinning av gull i Kolyma-regionen.[1]