From Wikipedia, the free encyclopedia
Ein kokarde er eit rundt eller ovalt merke som ein oftast finn på ein hatt eller andre hovudplagg. Kokardar har fargar med særleg symbolikk, typisk nasjonalfargar.
Opphavleg var kokardar sløyfer festa til hovudplagg, seinare blei dei laga av band i ein rosett. Kokarden var eit uniformselement frå 1600- og 1700-talet, og ein viste ein lojalitet eller tilhøyrsle med ein kokarde på hatten, på tøyet eller i håret. Det var særleg populært å bruke kokarder på 1700-talet, dels som militært, dels som nasjonalt symbol. Under den franske revolusjonen var det ei tid påbode å bruka revolusjonær trikolorkokarde. Med nasjonalstatane sitt frambrot blei det elles vanleg å nytte kokardar i fargane til flagget. Slike kokardar finn ein framleis som element i mange uniformer og i nokre andre samanhengar, som på norske russeluer og svenske studentluer.
For britiske jakobinarar var ein kvit kokarde eit viktig symbol, og skotske Robert Burns skreiv eit dikt kalla «The White Cockade».[1]
Under den franske revolusjonen blei kokardar i ulike fargar brukte til å markera tilhøyrsle:
Kokardar blir framleis ein del brukt i militær samanheng, då på hovudplagg som er del av uniformer. I nokre høve er dei blitt endra frå merke av stoff til å vera laga av metall. Stiliserte kokardar blir også ofte brukt som nasjonalmerke på militærfly. Det er derimot ikkje alle flymerke som liknar kokardar.
Kokardar blir brukt i nokre tradisjonelle studentuniformer, som den nordiske studentlua og i uniforma ved den franske École polytechnique.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.