From Wikipedia, the free encyclopedia
Kogi (også kogui, cogui eller kágaba, tyder 'jaguar' på kogi)[1] er ei urfolksgruppe frå Sierra Nevada de Santa Marta nord i Colombia. Ho omfattar rundt 4 000 personar (est. 1988).[2]
Kogi er eit chibchansk språk, i slekt med andre urfolksspråk sør i Mellom-Amerika og nord i Sør-Amerika.[2]
Kogifolka fører historia si tilbake til Tairona-kulturen, som bløma før den spanske koloniseringa av Amerika. Desse kom frå ei gruppe chibchanske folk som nådde dagens Colombia mellom 400 og 300 f.Kr. Dei slo seg ned i låglandet ved den karibiske kysten og i høglandet ved Andesfjella. Medan folk ved kysten fisk og dreiv saltproduksjon, dyrka folk i høglandet bomull. Dei to gruppene dreiv handel med kvarandre langs steinsette vegar. Dei budde i talrike, velorganiserte byar. Mot slutten av det første tusenåret kom karibar frå dei karibiske øyane og fortrengde taironafolk frå låglandet.[3]
Kogifolk lever av jordbruk gjennom bråtebruk.[4] Kvar familie har gardar på ulike høgder i fjellet, og dyrkar ulike avlingar etter kva dei treng.[5] Dei held også kveg i høglandet.[6]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.