From Wikipedia, the free encyclopedia
Kobe Port Tower (japansk 神戸ポートタワー, Kōbe Pōto Tawā) er eit utsiktstårn i hamnebyen Kobe i Hyōgo prefektur i Japan. Det er 108 meter høgt og bygd i stålrøyr. Forma minner om ei lita japansk tromme, ein såkalla tsuzumi.[1]
Kobe Port Tower | |||
| |||
Arkitekt | Nikken Sekkei, Q65248663, Takeo Naka | ||
---|---|---|---|
Opna | 21. november 1963 | ||
Stil | high-tech-arkitektur | ||
Kobe Port Tower 34.6825°N 135.18666666667°E |
Tårnet har to delar; ein nedre del med tre etasjar og ein øvre utsiktsdel med fem etasjar.[2] Utsiktsplattforma i fjerde etasje ligg 75 meter over bakkenivå, og i sjette etasje er det ein roterande kafé som går ein heil runde på 20 minutt. Frå sjuande etasje kan ein sjå ut over Osakabukta med øya Awaji,[3] og frå åttande etasje kan ein sjå heilt til Kansai internasjonale lufthamn.
Utsiktstårnet blei renovert mellom 2009 og 2010 og utstyrt med LED-lys.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.