Knut Knutsen
norsk arkitekt / From Wikipedia, the free encyclopedia
Knut Knutsen (4. desember 1903–9. juli 1969) var ein kjend norsk arkitekt på 1900-talet.
Knut Knutsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 4. desember 1903 Christiania |
Død |
9. juli 1969 (65 år) |
Yrke | arkitekt |
Ektefelle | Hjørdis Knutsen |
Knut Knutsen på Commons |
Arbeidet hans før krigsutbrotet var innanfor dei rådande konvensjonane i arkitekturen. Med tida blei dei mindre bunde og meir i samklang med teoriane hans. Knutsen var fascinert av funksjonalismen, men aldri fanga eller styrt av han. Etter kvart kom han i opposisjon til det moderne i arkitekturen. Knut Knutsen hadde ei rekkje større byggeoppdrag, men det er i første rekkje dei mindre arbeida hans som har hatt størst påverknadskraft.
I eit essay frå 1961, «Mennesket i sentrum», var han ein av dei første som tok opp samanhengen til bygningane med tomt, landskap, ressursnytte og natur i vidare forstand, og dessutan ressursbruk og «sustainability» (berekraft). Tre praktiske døme i den retninga kan vera Knut Knutsen sitt eige sommarhus i Portør (1949), Bergendahl sitt sommarhus på Tjøme (1960) og Thorkelsen sitt sommarhus i Portør (1961). Desse kan karakteriserast med ord som bruk av naturmateriale, identifisering og samklang med tomta og naturen, og eit diskret tilhøyre, innordnande og naturleg tilstadevere, fri for romantiske og nasjonale undertonar.