Tjøme
tidlegare kommune i Vestfold / From Wikipedia, the free encyclopedia
Tjøme er ein tidlegare kommune i Vestfold fylke, som frå 1. januar 2018 er ein del av Færder kommune. Den tidlegare kommunen låg på øyene Tjøme, Brøtsø og Hvasser. Kommunen hadde grenser til Tønsbergfjorden og Sandefjord kommune i vest, til Vrengensundet og Nøtterøy kommune i nord, og til Oslofjorden i aust og sør. Høgaste punkt var 78 moh.