Knud Knudsen (1832–1915)
norsk fotograf / From Wikipedia, the free encyclopedia
Knud Knudsen (3. januar 1832–21. mai 1915) var ein norsk fotograf fødd i Odda.
Kjappe fakta
Knud Knudsen (1832–1915) | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 3. januar 1832 Odda kommune |
Død | |
Yrke | fotograf |
Knud Knudsen (1832–1915) på Commons |
Lukk
Knudsen arbeidde som fotograf i Bergen frå 1862 til om lag 1900, men reiste mykje kringom i Noreg. Etter kvart vart han vidgjeten som natur- og landskapsfotograf, og tok mange bilete retta mot ein turistmarknad. Universitetsbiblioteket i Bergen har ei stor fotosamling etter fotostudioet til Knudsen. Store delar av fotosamlinga er gjort tilgjengeleg for søk og gjennomsyn på internett. Det er òg laga til utstillingar etter tema. Universitetsbiblioteket si fotosamling av Knudsen-bilete er ein del av Noregs dokumentarv.[1]