![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/ec/Havre01.jpg/640px-Havre01.jpg&w=640&q=50)
Klyngjetun
From Wikipedia, the free encyclopedia
Klyngjetun er ei gamal buform der husa for mange gardsbruk ligg tett saman i ei klyngje utan noko spesifikt mønster for kva bygningar som ligg saman. Jorda og skogen var inndelt i små teigar som var rettvist delt mellom brukarane. Dette var vanleg eit godt stykke ut på 1900-talet i visse område i Noreg — særleg på delar av Vestlandet. Då folketalet auka kraftig på 1800-talet, vart teigar som alt var små, inndelt i enda mindre teigar for å dekkja behovet til nye generasjonar. Teigane vart til slutt for små og vanskeleg tilgjengelege og systemet med teigblanding vart oppheva. Eigedomane vart delte inn meir formålstenleg gjennom offentlege jordskifte.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/ec/Havre01.jpg/640px-Havre01.jpg)
Ordet tun er same ordet som det engelske ordet town. Klassiske døme på klyngjetun er Havråtunet, Osmundnes, Henjatunet og Agatunet.